Om Bolstadøyri
Bolstadøyri er ei tettgrend i Voss kommune, Vestland fylke, ved utlaupet av Bolstadelvi (nedste del av Vosso) i Bolstadfjorden, cirka 25 kilometer vest for Vossevangen. Bolstadøyri stasjon, som har faste stopp på Vossebanen (Bergen-Voss-Myrdal), ligg mellom lange tunnelar på sørsida av Bolstadelvi; her går òg E16.
Ein gammal gjestgjevargard i Bolstadøyri, som har dei eldste bygningsdelane sine frå 1663, er restaurert og freda og blir i dag brukte som privatbustad.
Brisken – dagsturhytta vår
På Bolstadøyri finner du også ei heilt særeigen dagsturhytte med namnet Brisken. Hytta er ei oppleving i seg sjølv og er laga av studentar frå Bergen Arkitekthøgskole (BAS). Hytta er open for alle, og den har universell utforming, slik at alle skal kunna bruka den. Du finn også stellebord der.
Reis frå begge stadene slik du sjølv ynskjer å finne dei. Ta med deg alt bos heim eller til næraste bosbøtte. Merk at det ikkje er lov til å campa i området.
Ungdomshuset
Ungdomshuset er samlingsplassen til bygda, der lag og organisasjonar møtest til fest, møte og andre arrangement gjennom heile året.
Husleigepriser 2026
| Kjeller – medlem | kr 1000,- |
| Kjeller – ikkje medlem | kr 1500,- |
| Heile huset – medlem | kr 1750,- |
| Heile huset – ikkje medlem | kr 2700,- |
| Tillegg for leige heil helg | kr 750,- |
| Møteverksemd | kr 500,- |
For meir info om utleige, kontakt Sindre Bolstad: mob 900 66 302.