17. mai 2021

Planen for dagen
08:00 – Flagheising
10:30 – Gudstjeneste
11.00 – 15.00 Natursti
12:00 – 13.30 Barnetog og Barnefest
13:30 – 15:30 – Leikane i bygda
16:00 – 17:00 – Kahoot-quiz og premieutdeling

Ellers er Tale for Dagen og Konfirmanten-Appel tilgjengeling på nett frå kl. 12.00.

Sidan dagen ser litt annleis ut enn me er vant med på 17. mai, er det lurt å forklare litt her og der. ‘Tante Korona’ har utfordra oss til å sjå på dagen gjennom smittevernbriller.  Servering i både bedehuset og ungdomshuset blei derfor tatt ut av planen. Me har likevel prøvd å få det slik at det er noko for alle å glede seg til.

Gudstjeneste 10.30
Gudstjeneste skal vera ute hvis været tillater det. Etter Gudstjenesta kan dei som har lyst få ein is ute.

Natursti 11.00 til 15.00
Naturstien skal bli plassert der den alltid er, frå bedehuset fram til stasjonen. Det er 10 poster. Svar skal leverast digitalt til Sara på SMS 99676338, eller epost davidsonsara1989@gmail.com.

Barnetog og Barnefest 12.00 – 13.30
Me er veldig glade at me kan prøve oss på dette igjen, sjøl om det er koronatilpasset. Viss alle forholde seg til koronareglane og instruksjonane nedanfor, får me det til! Toget går frå leikeplassen i Kupedalen ned til barnehagen. Ved barnehagen er det pølse, is, leikar og moro for både små og store.

  • Alle familier med barn i Bolstad Barnehagen er invitert til barnetog og barnefest. Eldre eller yngre søsken kan vera med. Me må dessverre vera strenge her og forholde oss til både kohort og storleik i gruppa.
  • Det blir ein lang tog da me skal gå to og to for å sikre at me kan holde nok avstand.
  • Alle som har lyst å sjå på toget er hjarteleg velkommen til å stille seg opp langs kanten. Dette er sjølsagt veldig koseleg for barna også.
  • Veien skal bli stengt frå kl. 11.45; nede ved barnehagen, ved krysset med kupedalen og oppe frå leikeplassen der toget startar.

Leikane 13.30 – 15.30
Sidan me ikkje kan samle oss i store gruppar skal me bruke heile Bolstad istedanfor å ha alt sentralt på ein plass. Leikane er plassert på gamle kyrkjegården og på Horvei hjå Bodil og Jan Inge. På begge plassar kan du prøve deg på forskjellige ting og finn du noko søtt å tygge på. Drikke er der og. Husk å halde avstand og vær nøye med instruksjonane du får ;). Under premieutdelingen får me vite kven som var flinkast.

Kahoot og Premieutdeling 16.00 – 17.00
På slutten av dagen kan dei som har lyst å vera med delta i en Kahoot-quiz på Horvei. For dei som ikkje heilt veit kva Kahoot er, ikkje stress, det er berre nokre spørsmål som du svarar på med telefonen din. Kvar kohort skal vera eit lag, så det går heilt fint å vera med om du ikkje er veldig kjent med konseptet. Me håpar at me vert ute, men dette finn ut av når det nærmer seg. Fordi me kanskje blir litt fleire under den siste delen av dagen, er det viktig med ord som kohort og avstand. Etter Kahoot skal me avslutte dagen med premieutdelingen for både 17. mai og Tur karusellen 2020.

På grunn av midler me har fått frå grendalaget er dagen gratis for alle. Men hvis du ynskjer å bidra kan du Vippse ungdomslaget for vedlikehald av ungdomshuset. Vippsnummer er #564764 eller søk på Bolstadøyri Ungdomslaget i Vipps appen.

Me gler oss til dagen og til å treffe folk… på god avstand! :).

Mer info: www.bolstadøyri.no

Lurer du på noko? Berre ta kontakt!

Bastiaan 90230579 eller Lenneke 40535929