17 mai “tabber”

Også i år satsar 17. mainemde på bygdas kreativitet!

Mål: Samle inn morosame bilete eller video av alt som kan eller har gått ‘feil’ på 17. mai.

Me stolar på at alle som har vore med på 17. mai-festen sit på ein haug med bilete av feiringa gjennom åra. Stor sjanse for at det fins ein eller fleire som er morosame å sjå på, kanskje fordi det skjedde noko som ikkje var planlagt; ein is på feil plass, bunad bak fram eller noko anna som er litt utenom det vanlege.
Viss du ikkje har eit sånt bilete i kolleksjonen, kan du likevel delta i konkurransen. Det er lov å iscenesette tabben du tenkjer på sjølv. Her er det berre å vera kreativ og komme i gang.

Det er lov å sende inn bilete eller videoklipp. Me håpar på ei kjekk samling med massa moro som me kan legge ut på bolstadøyri.no. På slutten av 17. mai skal komiteen kåre vinneren.

Klikk på lenken nedanfor for å laste opp ditt bidrag. Fristen for innlevering er fredag 14. mai kl. 12.00.

https://www.dropbox.com/request/sXl6DvSyKpuKAOw7PuIb